Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Anton Ruud lagar storfest

Festen med Anton Ruud & The Wrong Way Home i Heimlund blir ein suksess!

Av Lars Åge Hilde

ruudHalvparten av dei 300 billettane er selde allereide! Hvis du vil være med på dette må du snart hive deg rundt å skaffe deg billett! Det vert ikkje selt billettar i døra, Per vil vere med på festen!


Dei fleste som har kjøpt billettar hittil kjem utanbygds frå, Komiteen reiknar med at Innvikarane og Utvikarane vil sikre seg sine billettar no like før arrangementet går av stabelen (31.10).
(minnar igjen om at alt overskot går til Heimlund)

Av praktiske årsaker vil konserten utad bli presentert som eit lukka privatarrangement, og det må då føreligge namnelister. Fordelen med dette er at ein står langt friare når det gjeld servering og vakter/
løyver. For eksempel står alle fritt til å ta med seg det dei treng av mat og drikke.

Musikken er country av fremste merke, med 10 musikarar som verkeleg tar seg ut på scena. Halvparten av dei er profesjonelle musikarar, så det læt ikkje ilt.

Det blir også arrangert felles vorspiel saman med gruppa, frå kl 1700 (egen billett).

På bussen som m.a. skal køyre gruppa opp hit på fredagskvelden har vi en god del ledig plass som vi kan selge for ein billeg penge. Hvis du kjenner nokon eller har slektningar i Oslo-området så har du sjansen til å få dei heim og nedatt for 500 kroner med denne bussen. (Ordninga "trygt heim for ein 500-lapp"). Ankomst rundt midnatt fredagen og avreise ca kl 1300 på søndagen.
Henv/spm om buss til larsaage@iras.as, henv om billettar til per@iras.as.

Mvh
Heimlunds Vener


Sjå også tidlegare nyheitsskriv FEST/KONSERT I HEIMLUND 31/10
eller gå til arrangementet Fest/Konsert I Heimlund med Anton Ruud & Co .


(Sist oppdatert 20.oktober 2009, 15:13)

Gå til nyhendearkiv