Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vil årsfest i Styrkhallen

Vikane IL hadde årsfest i Styrkhallen

Av Lena Skogen

Årsfesten samla om lag 200 små og store til samling i Styrkhallen. Borna og dei aktive utøvarane stod i fokus denne dagen.


Leiar for Laget, Lena Skogen delte ut stimulansepremiar til Amanda Veiteberg og Oskar Raftevold for gode prestasjonar på handball og friidrettsbana.

Vidare fekk styret og ande gode hjelparar som legg ned mange dugnadstimar i idrettslaget, ei fortent påskjønning.

Det vart delt ut medaljar til 88 born som har vore deltakar på barneidrettskulen i 2009. Vidare vart det delt ut 60 langrennsmedaljar, 21 alpint medaljar, 73 fotballplakettar, 5 friidrettspremiar og 26 handballpokalar.
I tillegg premierte vi fjelltrimmarane og supertrimmarane. Konklusjonen på fjelltrim konkurransen i år er at postane våre har blitt mykje meir besøkte enn i fjor!

Under heile årsfesten kosa folk seg med pølser og brus, nydelege sveler og gode kaker.

Eit av høgdepunkta var då handballjentene ”plutseleg” gjekk opp på scena og dansa Tv2 ”Skal vi danse” dansen! Jentene fekk mykje skryt for dette programinnslaget.

Årsfesten er ei viktig inntektskilde for idrettslaget. På førehand hadde det vore lagt ut loddbøker og i hallen hadde vi 4 runder med åresal. Totalt fekk vi inn rundt kr. 42.000,-, pengar som kjem vel med til drifta av laget.

Vi ynskjer å takke dei som møtte opp og alle som har bidrege med gevinstar og alle som var med å hjelpte til!

Foto av Steinar Frøholm







(Sist oppdatert 27.oktober 2009, 10:47)

Gå til nyhendearkiv