Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Lyser opp haustmørket

Anton Ruud And The Wrong Way Home lyser opp haustmørket

Av Steinar Frøholm

Etter lengre tids planlegging var kvelden endeleg komen:
Anton Ruud & Co entra scena i Heimlund.

Ein god mix av lokale og tilreisande, starta Vorspielet i Heimlund, med nydeleg betasuppe tilbredt av Ove (kokken på Gjendebu).
Forventningane steig i takt med lydprøvene under vorspielet, og etterkvar seig det på med endå meir folk.
Bandet entra scena og gav full gass i frå starten, eit slikt massivt lydbilde og energi frå scena har vi vel ikkje sett i Heimlund før.
Anton & Co gav alt i tre og ein halv time, ei tid som gjekk alt for fort. Publikum let seg rive med og ville helst ikkje gje slepp på gjengen.
Men Alt har ein ende, slik og med denne kvelden. (sjølv om den enden kom veldig seint/tidleg for enkelte...).
No er i alle fall Heimlund fritt for mus og veggdyr i lengre tid...
Alle var nøgde med festen, og bandet ville meir en gjerne kome igjen til eit slikt publikum.

Kanskje kan dette bli ein liten tradisjon? Uansett: vel blåst til alle!

For å bruke Anton Ruud sitt favorittuttrykk: ”En kick ass fest!!”


Sjå bildene på www.vikanenett.no: Bildegalleri - Tilstelningar


(Sist oppdatert 03.november 2009, 21:38)

Gå til nyhendearkiv