Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Sydnessflata Vest, Innvik

Av Torill Bennæs

Ein kommentar til det som sto i Fjordingen fredag 30/10, der eit brev sendt til rådmannen er sitert:

Dette brevet er eit ledd i ein dialog med rådmannen omkring Sydnessflata Vest.
Oppmodinga om å be kommunen sikre dette arealet vart gjort på årsmøtet i Innvik Bygdeutvikling
18. mars i vår. Det er såleis allment ønskje ("eit sterkt utvida styrevedtak") som ligg til grunn for brevet.

At Nils Sydness ikkje kjenner til dette brevet, kan nok vere, men han bør vere kjend med at Innvik Bygdeutvikling ønskjer å skjerme vest-flata mot utbygging, og "behalde" den som friareal - det har han fått brev om tidlegare.

På vegne av
INNVIK BYGDEUTVIKLING
Torill Bennæs


Denne "oppklaringa" vart sendt til Fjordingen og sitert onsdag 4/11, under "Over telefonen" på side 7.

Sjå forøvrig Vil stoppe bygging i Innvik med brevet her på Vikanenett.no.




(Sist oppdatert 04.november 2009, 17:35)

Gå til nyhendearkiv