Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Hesteriding på barneidretten

Av Anita Røyrvik

Torsdag den 5. november var det hesteriding på barneidretten.

3 Fjordingar og ein ponny stod klare for å trimme unge vikarar denne flotte torsdagskvelden. Dette vart stor suksess, ungane stod fint i kø og passa på at alle var klare med hjelm før dei skulle opp på heste-ryggen. Marianne. Ingvild og Merete hadde full kontroll på hestane blant ivrige ungar som sprang rundt beina. Dei hadde også med seg flinke jenter som rydda etter fornødne hestar! Karin hadde hest og vogn som var overfyllt på kvar einaste tur, og den spreke hesten sprang utallige runder på grusbana.

Bilde1 © Anita RøyrvikBilde2 © Anita RøyrvikBilde3 © Anita Røyrvik
(Sist oppdatert 06.november 2009, 18:36)

Gå til nyhendearkiv