Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vil vurdere bompengar

Løfter fram Olden-Innvik

Av Fjordingen

Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane vil på nytt gå i drøftingar med Stryn kommune om bompengefinansiering av riksveg 60 Olden - Innvik.

Samstundes løfter dei prosjektet fram med 23 milionar kroner i 2010. Dette kjem i tillegg til tidlegare løyvingar. Det blir også opna for 70 millionar kroner i perioden 2014-2019.

Samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane står fast på tidlegare prioriteringar, men dei løfter fram Innvik - Olden. Dei opnar for ei meir strekningsvis opprustning, og ber samstundes om ny vurdering av bompengefinansiering.

Dette skriv Fjordingen i avisa onsdag 25. november 2009.
Sjå også nettsida deira om saka www.fjordingen.no.


Av NRK Sogn og Fjordane

Her kan det komme bompengar

- Vi ser at det er knapt med midlar, og at det er mange prosjekt som står i kø. Då må vi sjå på alternative finansieringsmåtar - og bompengar er ein av moglegheitene, seier Nils P. Støyva.

Les kva NRK skriv på nettet om dette på www.nrk.no/sf.



(Sist oppdatert 26.november 2009, 13:24)

Gå til nyhendearkiv