Nyhende
Invitasjon til handballkurs i Innvik
Invitasjon til kurs i Innvik - Bli med på eit løft for handballen!
I første halvdel av desember er det ikkje mindre enn to kurs i Innvik, og vi ønskjer alle i nærområdet velkomen til å bli med.
Påmelding må sendast til erlend.vagane@handball.no seinast to dagar før kurs.
Følgjande kurs vert det invitert til i løpet av desember:
Bedre barnehandball – Onsdag 2.desember 1800-2100
Dette er eit impulskurs/inspirasjonskveld for alle trenarar, leiarar og foreldre med tilknytning til barnehandballen (6-12 år). Instruktør frå Region Vest kjem på klubbesøk for å fortelle om og vise kva som er viktig for at barn skal oppleve tryggleik, meistring og trivsel gjennom handballen, både på trening og på kamp. Her vil det bli mykje å lære om god aktivitet og aktivitetsleiing for barn både gjennom teori, praksis og diskusjon. Denne kvelden i Innvik varer tre timar og er meint som inspirasjon og enkel læring for ALLE. Bli med på å utvikle barnehandballen i klubben!
Klubbdommarkurs – Tysdag 8.desember 1800-2130
Utan dommarar stoppar handballen. Denne tysdagen er det nye moglegheiter for å ta til med ein karriere som klubbdommar, eller berre å lære meir om handballsporten og reglane tilknytt denne. Klubbdommarkurset består av om lag tre timar med innføring i regelverk, dommarens rolle og enkel kampvegleiing. Dette er ein enkel måte å komme inn i dommargjerninga på, og du kan få prøvd ut om dette er noko for deg gjennom enkel dømming i klassane opp til og med 11 år.
Vi ønskjer alle velkomen til kurs i Styrkhallen i desember!
Med vennlig hilsen
Erlend Vågane - Klubb- og dommerutvikler
NHF Region Vest
Postboks 6143 Postterminal
5892 Bergen
Tlf. - 55 59 58 10 (a) / 922 98 430 (m)
E-post: nhf.rvn@handball.no
Webside: www.handball.no/rvn
Følgjande kurs vert det invitert til i løpet av desember:
Bedre barnehandball – Onsdag 2.desember 1800-2100

Klubbdommarkurs – Tysdag 8.desember 1800-2130

Vi ønskjer alle velkomen til kurs i Styrkhallen i desember!
Med vennlig hilsen
Erlend Vågane - Klubb- og dommerutvikler
NHF Region Vest
Postboks 6143 Postterminal
5892 Bergen
Tlf. - 55 59 58 10 (a) / 922 98 430 (m)
E-post: nhf.rvn@handball.no
Webside: www.handball.no/rvn
(Sist oppdatert 26.november 2009, 22:31)