Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Får ikkje opna ny veg

Ny veg avstengd i over eitt år

Av Fjordingen

Fylkesvegparsellen i Utvik som vart ferdigstilt i august 2008, er enno ikkje opna for gjennomgangstrafikk.
- Det er meiningslaust at vegen ikkje kan brukast slik det er tenkt, seier Per Kjøllesdal.
Bjørn Blindheim som bur i Gjestgivergården, ser fram til at det blir ei løysing i Utvik sentrum.
- Mange bilistar oppfattar trekanten som ei rundkøyring. Dermed oppstår det ofte farlige trafikksituasjonar, fortel Blindheim.

Den 90 meter lange fylkesvegparsellen i Utvik sentrum som vart asvaltert og ferdigstilt i august 2008, er framleis sperra for gjennomkøyring.

- Det er meiningslaust at trafikantane ikkje får bruke vegen slik han er tenkt, hevdar kommunepolitikar og bygdemann Per Kjøllesdal. Som understrekar at han på ingen måte rettar kritikk mot Stryn kommune.
- Det var heilt nødvendig at kommunen forskotterte vegen for å gje tilkomst til bustadene i Tistamhagen. Spørsmålet som er lufta i formannskapet, er om det finnest mogelegheiter for å forskottere det attståande arbeidet med omlegging av krysset, seier Per Kjøllesdal.

- Vi ser fram til ei løysing

Bjørn Blindheim som bur på Gjestgivergården, støttar utspelet frå Per Kjøllesdal. -Vi ser fram til at det blir ei løysing i Utvik sentrum, seier han til Fjordingen.

Les heile saka på side 4 og 5 i Fjordingen fredag 30. november 2009


(Sist oppdatert 30.november 2009, 15:40)

Gå til nyhendearkiv