Nyhende
Boksleppet vart ein publikumssuksess
Utvik, heimbygda mi og Tistam, grannebygda mi, er boka som var årsak til all aktiviteten i Urdabrunn fredag kveld.
![]() |
Fullt hus |
Det var rekordmange til stades i Urdabrunn denne kvelden. Framimot 180 personar. |
Leidulv Kårstad presenterte si lenge etterlengta bygdebok om Utvik og Tistam. Mange hadde sett svært fram til denne dagen med stor spenning.
Omtrent heile bygda møtte opp, i tillegg til mange frå nabobygdene våre. Totalt var det nærare 180 personar i bygdehuset denne kvelden. Folk satt på stolar, i trapper, på bord, ja alle plassar dei kunne finne.
![]() |
Leidulv signerer bøker |
Mange ville takke Leidulv for innsatsen. Både familie og lag.
Jofrid Rye Hestenes takka spesielt for Utviklingslaget i Utvik og for Stryn Kommune.
”Dette ein stor dag ikkje berre for deg, men også for alle i bygdene Utvik og Tistam, og for heile Stryn Kommune. Tidene endrar seg, og Utvik-samfunnet har etter siste krig, endra seg svært mykje. Det har vore både tilbakegang og framgang. Det er viktig å tenkje framover, men også svært viktig å sjå seg tilbake og skaffe seg kunnskapar om tida som var. Det har med identiteten til den oppveksande slekt å gjere”.
![]() |
Jofrid Rye Hestenes takkar på vegne av utviklingslaget |
Dette bokprosjektet ville i så fall være ein solid basis.
![]() |
Underhaldning |
Jon Bjørn Fløtre og Aslak Hilde underheldt med sang og spel. Dei gjorde og ein flott innsats under allsangane. |
![]() |
Felespel |
Inger Anne Kårstad, Leidulvs barnebarn, opptrer for fyrste gong med fela si. |
Boksleppet var ein stor suksess. Ca 220 bøker vart selde der. I tillegg har Leidulv fått fleire bestillingar både føre og etter boksleppet.
Leidulv heldt ei flott lansering der han viste mange bilder frå boka og fortalde små historier. I tillegg var det mykje flott underhaldning av felespelarar og andre. Allsang vart det også tid til. Etter lanseringa var vel overstått fikk vi servert herlege kaker og kaffi. Det vart ei flott sosial stund medan boksalget gjekk unna bakerst i lokalet.
For dei som ikkje har skaffa seg denne flotta boka, har Leidulv enno bøker på lager. Om du er interessert kan du bestille bøker direkte frå han per post; Leidulv Kårstad, Kårstad, 6797 Utvik eller telefon 57 87 65 21/ 45 43 99 15.
"Eg vil rette ei stor takk til alle som kom, både bygdafolk og andre.Det er ikkje vanskeleg å arrangere med så mange hjelpande hender og føter. Alle vi spurde var positive.Ja, nokre kom og spurde om det var noko dei kunne hjelpe til med.
Tilbakemeldingane tyder på at det vart eit vellukka bokslepp med eit godt produkt", seier Leidulv til Vikanenett.
Her er litt fleire bilder frå kvelden.
![]() |
Leidulvs døtre Barbro og Åsa gratulerer. |
![]() |
Systrene gratulerer |
Leidulv frå blomar og gratulasjonar frå sine systre Berit Høylo og Solfrid Kårstad. |
![]() |
Framsyning |
Leidulv viser eit utvalg av bildene som er med i boka. |
![]() |
Framsyninga startar |
Her viser Leidulv fram bildet frå bokomslaget, mala av Håkon Hatlen. |
![]() |
Mette Carlsen underheld med flott felespel. |
![]() |
Salget gjekk unna etter presentasjonen. |
(Sist oppdatert 30.november 2009, 17:58)