Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

November bilde

"Utsikt frå Tjønnane" flottast i November

Av Harald Røyrvik

Av dei innsendte bilda i november, vart det Kjell Mortveit sitt bilde "Utsikt frå Tjønnane" som av sjåarane vart kåra til månadens beste.

Utsikt frå Tjønnane © Kjell MortveitVikanenett får fleire og fleire sjåara og fekk 6651 treff i veke 48. Snitt antall treff ligg rundt 900 pr/dag. Sjå forøvrig stolpediagrammet under som viser utviklinga.

Fotograften som har tatt månadens bilde er Kjell Mortveit som får hederlig omtale gjennom dette nyheitsskrivet og ved å ha bilde sitt på Bildegalleriet i ein månad.

Forøvrig fekk Bjørg Kvame også gode skussmål frå sjåarane. Ei kvinne frå Flåm skriv "Ho har tydelegvis sansen for dei små detaljane i naturen".

De andre som også har eit digitalt kamera, ikkje vere redde for å sende inn eit bilde og del det med oss andre på Vikanenett. Send inn bilde til ha-roeyr@online.no.

Statistikk Vikanenett
(Sist oppdatert 08.desember 2009, 20:17)

Gå til nyhendearkiv