Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Folketalsutvikling i Vikane

Folketalsutvikling i Vikane 1999-2009

Av Harald Røyrvik

I Fjordingen i dag (14/12-09) kan ein lese om folketalsutviklinga i Stryn kommune. Dette inspirerte meg til å sette meg litt nærmare inn i tala for Vikane.

Fjordingen brukar overskrifta Kommunar mot straumen og skriv Medan mange utkantkommunar slit med aldrande innbyggjarar og stor fråflytting, opplever Stryn auka folketal og snittalder på lands-gjennomsnittet.

Dei første tala eg kom over i data frå SSB (Statistisk sentralbyrå), var røysteføre i Stortingsvalet 2009.
Dei viste at det var 401 røysteføre i Innvik, og av desse var 203 menn og 198 kvinner.
For Utvik og Tistam var det 270 røysteføre, og der var det like mange menn som kvinner.

Vidare kom eg over folketal for Vikane i grunnkretsar (Innvik Nord, Innvik Sør, Lyslo, Valaker og Verlo),
og har ut frå desse laga ein grafisk framsyning som vist på bilda under.
Tala viser at folketalet har gått ned i Vikane i motsetning til heile Stryn som har auka med 2% i løpet av dei siste ti åra. Det gledelige er at vi har ein auke i folketalet både i Innvik og i Utvik i løpet av dei siste to åra. Det er 918 personar busett i Vikane registrert i 2009.

Folketalsutvikling Vikane _ samla

Folketalsutvikling Vikane _ oppdelt


(Sist oppdatert 14.desember 2009, 22:55)

Gå til nyhendearkiv