Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Ski- og akedag på Larsbøen

Ski- og akedag på Larsbøen 23/1-10

Av Steinar Hilde

Det var ein kjempefin dag for store og små på Larsbøen laurdag.

Det er som eg huskar det frå mange år tilbake: endeleg ein stabil vinter, til glede for små og store.
På Larsbøen var det mykje liv ”før i tida” og Innvik skule og idrettslaget brukte bøen mykje til vinterlege aktiviteter.

I år er dette igjen blitt mulig med akkurat nok snøv til ski og akeaktivitet.
Den 23/1, vart det på det meste telt rundt 80 personer på Larsbøen. Jørn Hilde, Cato Reme og Steinar Frøholm har montert eit tauskitrekk, som går heilt opp til Årevegen. I tilegg bruker vi snøscooter som er sponsa av Gjendebu . Med dette utstyret ”skjemmer” vi vekk både store og små, noko som uten tvil er ”øye” populært!

Sidan første snøen kom i romjula, har det vore månge små og store på besøk på Larsbøen.
Innvik skule har vore her 3 ganger og barnehagen var her ein heil dag, og koste seg med bål og leik.
Søndag 31.01.10 har skigruppa i idrettslaget planer om skileik for heile familien på Larsbøen.
Derfor håper vi på fortsatt stabilt vær, og kanskje litt meir snøv fram mot neste helg.

Til slutt vil eg oppfordre alle som bruker Larsbøen: Pass på å rydde med ting og tang, når De forlater bøen, så ikkje dyra på fellesfjøsen får uønska ting i maten sin neste år!
Vil og oppfordre alle å kontakte meg, før motoriserte kjøretøy blir teke i bruk på bøen.

Foto Arnt Bøe
Bilde 8373 © Arnt BøeBilde 8378 © Arnt Bøe
Bilde 8384 © Arnt BøeBilde 8400 © Arnt Bøe

Foto Steinar Hilde
01-2010 055 © Steinar Hilde01-2010 060 © Steinar Hilde
01-2010 069 © Steinar Hilde01-2010 084 © Steinar Hilde
01-2010 090 © Steinar Hilde01-2010 104 © Steinar Hilde

Foto Steinar Frøholm
IMG_3524 © Steinar FrøholmIMG_3531 © Steinar Frøholm
IMG_3536 © Steinar FrøholmIMG_3546 © Steinar Frøholm
IMG_3552 © Steinar FrøholmIMG_3565 © Steinar Frøholm
IMG_3576 © Steinar FrøholmIMG_3581 © Steinar Frøholm
(Dersom nokon vaksne eller foreldra til nokon barn på bilda ønsker å få bilde fjerna så ta kontakt.)


(Sist oppdatert 23.januar 2010, 22:00)

Gå til nyhendearkiv