Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Kafe Sjøatunet åpnar snart i "ny" drakt!

Av Paulen

Mange ventar spent på nyåpninga av Sjøatunet. Styreleiar Jarle Aaberg seier dei satser på offisiell åpning mot slutten av februar, Det skal være åpent 12. februar for årsmøte i fredagsklubben og quiz. Laurdag 13. vert det kakelotteri.
Det har vore stor dugnadsånd blant bygdefolket dei siste vekene. Veggar er mala, stolar er trekt oppatt, bord lakka og nye gardiner sydd. I tillegg arbeider Utvik Bygg med ein flott veranda mot fjorden som skal være ferdig i løpet av våren.

Vi håpar mange møter opp fredag 12. februar til årsmøte i fredagsklubben med gode idear til arrangement dette året. Det vert også quiz seinare på kvelden. Laurdag er det som vanleg kakelotteri til ære for morsdagen, arrangert av bygdekvinnelaget.

Kafeen vil ikkje være heilt klar denne helga, men med lån av stolar frå Urdabrunn skal det likevel være åpent fredagskveld og laurdag på dagtid.
Mot slutten av februar skal også dei oppatt-trekte stolane være på plass og kafe'en vil atter være i full drift.
(Sist oppdatert 11.februar 2010, 10:42)

Gå til nyhendearkiv