Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Slalåm på Utvikfjellet

Skiaktivitet 2011 - Slalåm

Av Harald Røyrvik

Telenorkarusell i alpin som skulle ha vore forrige helg vart avlyst. Det er no bestemt at dette rennet blir torsdag førstkommande. Søndag blir det KM i slalom og begge tevlingane er på Utvikfjellet.

Det er no klart for det andre karusellrennet i alpint. Dette blir i staden for trening no førstkomande torsdag med start ca. 1830. Idrettslaga (BBIL og VIL) håpar mange blir med.

For å spisse slalomformen litt ekstra fram mot KM på søndag har Idrettslaga fått avtalt med heisen om at det blir opent der på onsdag frå kl 1800-2030. Alle som vil trene slalom i storetrekket må då komme.

På søndag 20 februar blir det Kretsmeisterskap i slalom på Utvikfjellet. Idrettslaga håpar mange blir med søndag, med rennstart kl. 1100. Påmelding må skje seinast torsdag.

For meir innformasjon sjå heimeside til Breimsbygda Idrettslag, www.breimsbygda.no.


(Sist oppdatert 15.februar 2011, 13:12)

Gå til nyhendearkiv