Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Nytt frå Vikane IL

Ny leiar av idrettslaget og Styrkhallen

Av Harald Røyrvik

Andreas Søndenå vart valgt inn som ny leiar i Vikane IL på årsmøtet den 14/2. Han har fått med seg eit flott styre og det ser også ut som det skal bli ei ordning for leiarvervet for Styrkhallen.


I tillegg til Andreas Søndenå (leiar) er Jill Trude Dyrvang (sekretær), Espen Aarreberg (fotball), Siv Anita Gjerde (handball), Mariann Skåden Drageset (skigruppa), Signe Oppdal (barneidrett) i styret.

Terje Raftevold fekk ikkje nokon til å ta over for seg som leiar av Styrkhallen på årsmøtet. Han ønskjer ikkje å vere leiar av Styrkhallen da han no skal ta til med studie innan leiarskap. I skrivande stund ser det ut som Eyvind Reme kan ta over som leiar frå hausten, så da har ein fått ein grei løysing på det.


Under årsmøtet vart årsmeldinga gjennomgått og den viser eit aktivt lag.

På årsfesten i 2010 vart det delt ut 83 medaljar i barneidrett, 45 premiar i aldersbestemt fotball, 35 premiar i miniputt fotball, 75 medaljar i langrennskarusellen, 25 medaljar i alpint, 30 premiar i aldersbestemt handball og 40 premiar i minihandball. I tillegg fekk 3 personar ei utmeriking for sine prestasjonar i 2010.

Styret har i 2010 handsama 46 saker og har mellom anna starta opp idrettsklubben som du kan lese meir om i nyheitskrivet Fredagstilbod for dei unge.


Laget hadde i fjor 383 medlemar og har medlemskap i særforbunda ski, handball, fotball og friidrett.

I tillegg til styret er laget organisert i følgjande grupper/nemnder:
- Fotball
- Handball
- Ski
- Tur og trim
- Barneidrett / Friidrett
- Styrkhallen
- Kiosknemnd
- Idrettsplassnemnd
For å sjå heile lista med verv i laget følg denne linken til (excel-arket) Tillitsvalgte i Vikane IL i 2011.


Under årsmøtet vart det informert om ombygging og vedlikehald som no pågår i Styrkhallen. Her kan nemnast eit stort arbeid med å brannsikre heile bygninga iht. forskriftskrav.

Årsmøtet behandla også søknad om oppstart av ei Sykkelgruppe og tilknytning til særforbundet sykkel. Det vart vedtatt å opprette ei Sykkelgruppe og Geir Henning Skåden og Kjell Tisthamar er innvolvert i dette.

Fjellgruppa som har bestått av to representantar vart på årsmøte utvida til 5 personar.


Rekneskapet for laget viser eit positivt resultat, og nærmare opplysningar finn du nederst i årsmeldinga.



(Sist oppdatert 14.mars 2011, 11:13)

Gå til nyhendearkiv