Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

HURRA for Vikanenett 3år!!

Vikanenett 3 år den 20. mars (2012)

Av Harald Røyrvik

Gratulerer Vikarar!!
No har de hatt gleda av å bruke Vikanenett i 3 år!!

Vikanenett er offisielt 3 år den 20. mars, og det er kjekt å kunne fortelle at vi er i framgang.

Det siste året har det i snitt vore rundt 1500 treff på Vikanenett kvar einaste dag. Dette er ein framgang på 50% (frå 1000 i fjor) og viser at konseptet er liv laga. Det er kjekt at både folk i bygda og utanfor følgjer med oss.

I løpet av det siste året har Vikanenett presentert 153 nyhende knytt til Utvik, 457 knytt til Innvik og 404 som er felles. Det vil igjen seie at det i snitt blir lagt ut 2,7 nyheter på Vikanenett kvar einaste dag. Det er dobbelt så mange som forrige år og mengden av informasjon i nyheitskriva er også aukande.

I fjor antyda eg (Harald) at vi hadde så mange bilder i bildearkivet at vi kunne trykke opp ein kalendar med eit nytt bilde for kvar dag. I år har vi sjølvsagt enda fleire bilder, og bilda har høg kvalitet. Dette med kalendar tok vi inn over oss før Utkantmarknaden og satte i gang produksjon med månadsbilder. Salget vart ein sukses og eg ser ikkje vekk frå at det blir gjort igjen.

Kalendaren på nettsida blir kontinuerlig oppdatert og lag og organisasjonar er flinke med å sende inn. Annonsetorget (nede til venstre på hovudsida) blir oppdatert av Lindy og personlig har eg (Harald) god erfaring med den. Det er dette året sendt inn ca.100 gratulasjonsbilder av jubilantar som bur eller har budd i Vikane, som vi legg ut gratis!

Planen for året som har gått var å få inn meir informasjon for turistane, også gjerne på fleire språk. Dette har vi ikkje klart i året som har gått, men prøver i gjen å ta det med oss i året som kjem. I året som kjem har vi også satt oss som mål å oppgradere og få med oss lag og organisasjonar lokalt med meir info.

Som det vart skreve i fjor, gjekk mykje av informasjonen frå oss til dykk. For å få tilbakemelding på arbeidet vi gjer og med innspel på saker, vart det oppretta ei facebook-side for eitt år sidan. Alle (brukar eller ikkje) kan følge med på denne ved å gå til www.facebook.com/Vikanenett.
Innlegga på facebook-sida blir også konvertert over på twitter, slik at twitter-brukarar kan følgje oss der.
Det aller siste vi no har tatt i bruk, er RSS-feeder på nyheitskriva. For å følgje alle nyhendene våre må du hente feeder frå Utvik-, Innvik- og Vikane-sida.

Arbeidet med nettstaden tar mykje tid for oss begge to (som er administratorar av sida) og vi vil igjen få presisere at vi ikkje er journalistar. Det er ønskelig at alle bidrar litt med nyheitskriv/bilder, og dersom nokon vil bidra meir er vi veldig opne for det. Ta kontakt!

Mvh
Lindy Paulen og Harald Røyrvik

Vikanenett - Statistikk 3.året

Les fjorårets nyheitskriv HURRA for Vikanenett 2år!!


(Sist oppdatert 20.mars 2012, 17:07)

Gå til nyhendearkiv