Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_70ef_22.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Krev kontinuerleg drift

- Forventar at politikarane finn ei løysing

Av Fjordingen

- Vi forventar at politikarane finn ei løysing for kontinuerleg drift på fv Olden-Innvik til vegen er ferdig, om så fylkeskommunen må ta opp lån. Noko anna er ikkje forsvarleg, seier Olav Rune Haugen frå aksjon Sikker skuleveg Olden-Innvik.

Fjordingen skreiv denne veka at det ikkje er sett av ei krone til sluttføring av fv 60 Olden-Innvik i fylkesrådmannen sitt økonomiplanframlegg til og med 2017. Fullføring av dagens anlegg på Agjeld-Ugla ligg inne med 25 millionar i 2014 og 20 millionar i 2015, men til den siste strekninga, Ugla-Olden, er der ingen ting.

I dei to siste åra av planperioden er det ikkje funne midlar til invisteringar på store vegprosjekt. Det vil seie at den siste biten av fv 60 vil bli ståande som i dag.

Les heie saka i Fjordingen fredag 20. september 2013, side 4 og 5.
Fjordingen kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 20.september 2013, 12:54)

Gå til nyhendearkiv