Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Trafikkulykke med personskade mellom Olden og Innvik

Ein person sat fastklemd etter kollisjon - tre alvorleg skadde

Av NRK Sogn og Fjordane

Ein person sat fast etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein bubil på riksveg 60 mellom Olden og Innvik. Tre personar skal vere alvorleg skadde, opplyser politiet.

Alle dei skadde er sende til sjukehus. To av personane er sende til Ålesund og tre personar er sende til Førde sentralsjukehus, melder politiet klokka 15.15.

Det var fire utanlandske statsborarar frå Tsjekkia i personbilen, og ein mann frå Sunmmøre i bubilen.

Det var fire vaksne og eit barn på 13 år som vart skadd i ulykka.

Tilstanden til barnet er ustabil, medan tilstanden for dei vaksne er meir stabil, ifølgje politiet.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.

Fem skadde i kollisjon mellom Olden og Innvik

Av Fjordingen

Like før klokka 14.00 kom det melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Politet melder at det er ein bubil og ein personbil som har kollidert. Dei fire i personbilen, tre vaksne og eitt barn, blei skadde. Ein av dei sat ei stund fastklemd i bilen. Også føraren av bubilen vart skadd i kollisjonen.

Det foregår no undersøking på ulukkesstaden. Ulukkes- og analysegruppa til Statens vegvesen er på veg dit.

Vegen var sperra i om lag to timar etter kollisjonen mellom Olden og Innvik.

Les heile saka på www.fjordingen.no.


(Sist oppdatert 29.oktober 2013, 17:03)

Gå til nyhendearkiv