Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Vikane sensasjonen i innandørs-KM

Ikkje med i serien - nesten til finalen

Av Firda Tidend

Dei er ikkje med i serien, dei "skrapte saman" eit lag, dei trudde det var KM for old boys dei meldte seg på. Men laget frå Vikane imponerte alle, viste stor innsats, fin fotball og tok seg nesten heile vegen til herrefinalen.

Til slutt var det berre favorittane frå Førde som sto i vegen for Vikane si smått sensasjonelle ferd mot finalen. Og for ein herleg semifinale det vart. Vikane viste null respekt og gav førdianarane ein heilt jamn kamp. Sjølv då Førde gjekk opp i 1-0, og ein Vikane-spelar rauk ut i tre minutt med raudt kort etter årets klaraste krokfot bakfrå, gav dei ikkje opp. Og då deira svært gode keeper, Asle Nesdal, vart skadd rekna alle med at slaget var tapt. Men med vond fot kjempa han og laget herleg vidare. "Guntis" dreiv oppover bana, veteranen Odd Roger Heggdal gav alt og dagens mann, Asle Nesdal, dreiv laget sitt framover.

Trudde det var old boys

Førde vann fortent nok, men faktum er at dei sleit meir med den herlege gjengen frå Vikane enn dei gjorde då dei slo Florø 2-0 i finalen like etter. Og målvakt Asle Nesdal var naturlegvis strålande nøgd etter kampen.
- Nei, dette hadde vi aldri drøymt om. Vi raska saman ein gjeng, vi trudde faktisk det var old boys det handla om. Men vi fann ut at vi måtte no vere med når vi først hadde meldt oss på. Og taktikken heldt fint. Vi låg kompakt, og jaga når sjansen var der. Og så hadde vi ein jækla god keeper, ler han, med isposen godt plassert på foten. Og KM i Trivselshallen gav ny inspirasjon i Vikane.
- Er det ikkje på tide å stille lag i serien igjen i Vikane?
- Jau, eg håpar vi kan få i gang eit lag igjen i serien neste år. Men vi er ikkje meir enn ein 7-8 mann i Vikane, så vi må få med fleire frå Olden og Loen, seier Asle Nesdal.

Les saka om helgas KM i innandørsfotball i Firda Tidend måndag 25. november 2013, side 10 og 11..

Vikane yppa seg i KM

Av Fjordingen

Vikane sitt herrelag imponerte stort under helgas innandørs-KM senior som blei avvikla i Trivselshagen på Sandane.

Vikane har ikkje stilt lag i serien i år, men i laurdagens turnering fekk dei måle krefter mot nokon av dei beste laga i fylket.

Ein levande vegg
Takka vere god defansiv organisering og ein keeper i Asle Nesdal, som stod som ein levande vegg, tok laget seg heilt fram til semifinale.
Etter å ha vunne kampar mot mellom andre Eid og Vik, blei det i semifinalen tap 1-0 mot Førde 1.

Foto: haugenfotball.no

Les saka om helgas KM i innandørsfotball i Fjordingen mandag 25. november 2013, side 10.
For å sjå resultat og bilder frå helgas KM i innandørsfotball på Sandane gå til haugenfotball.no.


- Knust ankel gjer ikkje noko

Av Firda

For 35-åringen Asle Nesdal frå Vikane var det viktigare at laget hans slo Førde enn at smertene i ankelen jog gjennom kroppen. - Vi gjer alt for laget, seier Nesdal smertefullt.

For eitt år sidan fekk Asle Nesdal knust ankelen sin i ei arbeidsulykke. Dermed såg det ut til at den tidlegare fotballspelaren ufrivillig måtte legge fotballskoa på hylla.
- Eg er full av skruar og plater nede i ankelen, og foten er låst fast. Men eg har funne ut at det er mogleg å stå i mål med denne foten. Berre eg slepp å springe, smiler tøffingen som vart den store helten under helgas innandørs-KM.

Les saka om helgas KM i innandørsfotball i Firda måndag 25. november 2013, side 12 og 13.
Firda kan og kjøpast i laussalg gjennom nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 25.november 2013, 21:13)

Gå til nyhendearkiv