Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_70ef_22.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Alpha-kurs

Alpha-kurs i Olden og Vikane

Av Kyrkjeklokka

Normisjon og sokneråda vil arrangere nytt kurs i å oppdage den
kristne trua. Eit liknande kurs vart gjennomført for om lag ti år sidan
og no vil vi halde fram.

Kva er så ALPHA-kurs?
Det er eit «lågterskel»-kurs for alle som er interessert i å oppdage
kva kristen tru handlar om. Det består av 10 samlingar med eit
måltid, undervisning og samtale i grupper. Deltakarane blir tekne
på alvor med sine tankar og spørsmål – ingen spørsmål er for store
og ingen for små…
I tillegg til samlingane blir det også arrangert ein weekend-tur.

Les meir om Alpha-kurs i Kyrkjeklokka nr. 3/2013
og/eller sjå plakaten med påmeldingsfrist 10/1-14, her på Vikanenett.


Du kan også finne meir generell informasjon på www.alpha-kurs.no.


(Sist oppdatert 29.desember 2013, 19:45)

Gå til nyhendearkiv