Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Nesten 100 deltakarar på karusellrenn

Telenorkarusell langrenn 26. januar 2014

Av Harald Røyrvik

Det var nesten 100 startande på Telenorkarusell i langrenn på Utvikfjellet søndag 26. januar.

I fantastisk vintervær med sola som skein mellom dei lette skyene hadde foreldra fått skia på nærmare hundre ungar frå Breimsbygda og Vikane.

Mette Carlsen passa på at ungane stilte seg opp i rett rekkefølge. Enkelte foreldre var ivrige fotografar av årets første skitur, medan andre hadde ein hyggeleg prat med kjente. Steinar Frøholm haldt styr på at ingen tjuvstarta og sendte ut ein etter ein med 15 sekunds mellomrom. Asle Lyslo haldt kontroll på klokka i målområdet og Anders Felde var speeker og fekk deltakarane til å yte sitt beste. Anders er forresten alltid fantastisk med å gi oppmerksomheit til alle, med gode kommentarar og bemerkningar.

Ungane hadde som vanleg muligheit for å tilpasse distansen etter alder og ferdigheit. I mål fekk dei varm saft og mykje ros for flott prestasjon.

(fortsettelse under bilde)


Neste karusellrenn i langrenn klassisk på Utvikfjellet er den 23. februar kl.12. Det vil også bli karusellrenn i alpint, men tidspunkta for dette vil ein kome nærmare tilbake til.

For meir informasjon om Skiaktivitetar 2014 i Vikane IL, sjå skriv frå Skigruppa. Sjå forøvrig info frå Utvikfjellet på www.breimsbygdaskisenter.no.


(Sist oppdatert 27.januar 2014, 22:13)

Gå til nyhendearkiv