Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

78 hjortar felt i Vikane

78 hjortar vart felt i Vikane i 2013

Av Harald Røyrvik

I Utvik og Innvik vart det felte totalt 78 hjortar i 2013 som er ein mindre enn i fjor.

Dei foregåande åra har det vorte felt henholdsvis 79 stk i 2012, 93 stk i 2011 og 99 stk i 2010.

I Stryn vart det totalt felt 733 hjortar i fjor som er 39 meir enn i 2012. Det er ein tydeleg auke totalt i Stryn sjølv om Vikane er på nivå med i fjor. Gjennomsnittsvekta går ned, seier Odd Rønningen til Fjordingen.

Innvik:
10 - Hilde
  3 - Øvrebygda
  4 - Skåden
  6 - Lyslo

Utvik:
  8 - Heggdal
15 - Utvik austre
  8 - Valaker/Bruland
  4 - Frøyset
11 - Tistam
  9 - Molderheim/Hopland sørside

I Fjordingen mandag 27. januar side 6 kan du også sjå Hjortebarometeret for heile Stryn og Hornindal kommune samt lese heile reportasjen med Odd Rønningen, som driv viltforvaltninga i dei to kommunane.

Les også korleis det gjekk i 2009 , 2010, 2011 og 2012, her på Vikanenett.

(Sist oppdatert 28.januar 2014, 22:35)

Gå til nyhendearkiv