Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Satsar på Utvikfjellet

Skal gi betre turløyper på Utvikfjellet

Av Fjordingen

Eit nyskipa løypelag på Utvikfjellet skal syte for endå betre tilhøve for tur- og trimfolket.

Tidlegare var det Breimsbygda Skisenter som tok hand om løypekøyringa, men no skal dei konsentrere seg meir om alpinbakkane medan løypelaget har fokus på turløypenettet.

- Løypelaget skal ha ansvar for drift og vedlikehald av langrennsløypene. Dette er eit satsingsområde for oss, fortel Vegar Sårheim ved Breimsbygda Skisenter. Han sit i styret for Utvikfjellet Løypelag saman med representantar frå idrettslaget Vikane og Breimsbygd, Advokat Hans Lothe AS og hytteeigarane i området.

Føremålet er auka fokus på løypekøyringa, slik at dei kan tilby både betre standard og lenger turløyper til skifolket.

Les heile saka i Fjordingen fredag 31. januar 2014, side 6.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg på nettstaden buyandread.com.



(Sist oppdatert 06.februar 2014, 06:44)

Gå til nyhendearkiv