Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Utvikfjellet

- Ikkje håplaust på Utvikfjellet

Av Fjordingen

- Vi får eit driftsunderskot i år som i fjor, men situasjonen er ikkje håplaus, seier styreleiar Hans Lothe i Breimsbygda skisenter.

Heller ikkje i hovudtraseen på Utvikfjellet har det vore drift ein einaste dag i vinter på grunn av lite snø. Berre barneheien har vore nytta.

- Lite utgifter

- Korleis står det til med gjeld og driftutgifter på Utvikfjellet?
- Den korte og langsiktige gjelda vår for betjening med renter og avdrag er på rundt 3,5 millionar kroner, og i år har vi hatt lite driftsutgifter. Denne er mest knytta til løypekøyringa og barnetrekket. Vi har ikkje fast tilsette folk, men tilkallingsmannskap. Slik sett er vi veldig fleksible. Vi innstilte oss tidleg på at vi ikkje fekk særleg inntekter. Vi er flinke med dugnad på Breim og i Vikane, seier Lothe.

- Men kostnadane må vel dekkjast inn?
Vi hat eit opplegg på gong der vi har bede bank og kommunar (både Gloppen kommune og Stryn kommune som medeigar) om å bidra. Det dreier seg ikkje om store summar. Vi skal leve godt ut året, seier styreleiaren.

- Snøproduksjon er uaktuelt på Utvikfjellet?
- Vi har muligheiter, men dette er eit av avvegingsspørsmål i høve til investeringar vi eventuelt må ta, seier Hans Lothe.

Dette sto i Fjordingen mandag 10. mars 2014, side 6. Bestill Fjordingen abonement på www.fjordingen.no.

Utvikfjellet Løypelag

- fylkets beste utfartsområde!

Utvikfjellet løypelag har som oppgåve å lage turløyper i det området som kanskje er fylkets flottaste utfarstområde.

Drifta av løypelaget er basert på inntekter som kjem frå laget sine medlemmer.

Medlemskap kan teiknast av einskildpersonar, lag eller organisasjonar. Dette vere seg hytteeigarar, grunneigarar, næringsdrivande eller andre som styret godkjenner.

For meir informasjon gå til www.utvikfjellet.no.


(Sist oppdatert 12.mars 2014, 09:30)

Gå til nyhendearkiv