Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_70ef_22.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Mild vinter framskundar tunnelopninga

Takka vere mild vinter kan du allereie i juni køyre gjennom denne tunnelen

Av NRK Sogn og Fjordane

Allereie i løpet av juni opnar Statens vegvesen Agjeldtunnelen for
trafikk. Årsaka er den milde vinteren.

I løpet av juni får dei første bilane køyre gjennom Agjeldtunnelen
på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Det er nokre månader tidlegare enn Statens vegvesen først
signaliserte.


– Vi har hatt ein mild og fin vinter, så framdrifta ute på vegen har
gått betre enn venta. Det som no står att er å mure rund
portalane og plastre mot sjøen i austre del av tunnelen, seier
prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Nøgde pendlarar

Vegetaten har sjølv sett 2. juni som ein intern frist til å ha klar
tunnelen. Då skal tunnelen gjennom tryggleiksgodkjenning og
både vifter, naudutstyr og samband mot Vegtrafikksentralen
vere oppe å gå.

20. mai skal det også gjennomførast beredskapsøving i
tunnelen. Vegstrekka utanfor tunnelen skal vere ferdig til
byrjinga av september.

– Eg såg mørkt på ein sommar til med seig kø i rushtrafikken, så
denne opninga ser eg veldig, veldig fram til, seier Tanja Hage.

Les heile saka på www.nrk.no/sf.


(Sist oppdatert 03.april 2014, 14:22)

Gå til nyhendearkiv