Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Tunnelnamn fv.60 Olden-Innvik

Ingen diskusjon om tunnelnamna

Av Fjordingen

Sektorutvalet for tekniske saker hadde ingen diskusjon om tunnelnamna då dei tysdag skulle lage uttale om namnet på tunnelar Ugla-Skarstein mellom Olden og Innvik.

Dermed følgjer dei tilrådinga frå administrasjonen. Dei ønskjer at Vangbergstunellen og Gamle Vangbergstunellen vert nytta som namn på tunnelar på strekninga Ugla-Skarstein. Her må ein merke seg skrivemåten "tunnelen".

Når det gjeld dei andre, kom kommunen ved ordføraren 8. april med uttale på tunnelnamna ved Holen og Agjeld der ein rådde til at namna Holetunnelen og Agjeldstunnelen vert nytta. Desse vart difor ikkje vurdert i teknisk no.

Holetunnelen verkar ukjent for mange, men er føreslått av Stadnamntenesta for Vestlandet.

Denne saka sto i fjordingen fredag 2. mai 2014, side 5.


For meir informasjon om Adressefastsetjing/stadnamn i Stryn kommune gå til www.stryn.kommune.no.


(Sist oppdatert 05.mai 2014, 09:33)

Gå til nyhendearkiv