Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Lysregulering

OLDEN-INNVIK, LYSREGULERING

Vi må rekne med vesentleg auka trafikk på Olden – Innvik til sommaren, samanlikna med tidlegare somrar. På strekninga frå Ugla til Skarsteinskaia (særleg Ugla – Vanbergstunnelen) må vi då forvente eit trafikk-kaos som vil skape store vanskar for nyttetrafikken.

Innvik Bygdeutvikling vil be Ordføraren ta opp med Vegvesenet om det kan være fornuftig å lysregulere strekninga når sommartrafikken set inn for fullt i juli, med oppstillingsplass frå Skarsteinskaia mot Olden sentrum og frå Ugla mot Agjeld. Intervalla vil kunne bli 10-12 minutt, dvs gjennomsnitteleg ventetid på 5-6 minutt. Det er særleg ettermiddagstrafikken som venteleg vil skape vanskar, men vegvesenet må vurdere ut frå sine trafikkdata kva tider på døgnet ei eventuell lysregulering er hensiktsmessig.

Lysregulering vil utan tvil auke trafikktryggleiken på strekninga. For våre pendlarar og anna nyttetrafikk vil den truleg spare mykje tid, sjølv om ein blir hefta nokre minutt ved kvar passering. Ei slik regulering vil også synleggjere at den gjenståande strekninga på Olden-Innvik utgjer eit reellt problem.

For styret i Innvik Bygdeutvikling
Lars Åge Hilde
Leiar

Brev sendt til Stryn kommune den 30/4-2014. Les også meir om saka i Fjordingen onsdag 07. mai 2014


(Sist oppdatert 07.mai 2014, 05:29)

Gå til nyhendearkiv