Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Årets første miniputturnering i fotball

Flott dag for miniputtane på Byrkjelo

Av Harald Røyrvik

Årets første turnering for miniputtfotballen vart arrangert på Byrkjelo stadion søndag 11.mai. Vikane stilte med åtte lag i alderen 6 - 10år.

Med sine 8 lag og 44 spelarar, og minst like mange foreldre, viste Vikane seg som ein stor flott fotballfamilie på Byrkjelo stadion.
Vikane hadde fire jentelag og fire gutelag og dette var ungar frå siste året i barnehagen t.o.m. 4.klasse.

Totalt 63 lag deltok på turneringa til mykje fotball og sosial moro. Arrangørane og spelarar med foreldre bidrog til at dette vart ein fin dag for heile familien, skriv Breimsbygda IL på heimesida si. Det vart spelt fotball på åtte baner og kvart lag fekk tre kampar.

På turneringane deltar lag frå Breimsbygda, Sandane, Jølster, Brodd, Hyen og Vikane. Neste turnering er på Sandane 15. juni og Vikane skal vere arrangør 31. august.

Tema i første runde var FAIR PLAY. Dette er eit tema som berører både dei som er på bana og ikkje minst dei som står rundt og ser på. Å lære barna god sportsånd og alminneleg folkeskikk er ei oppgave som vi voksne må ta ansvar for. Da blir det også mykje morsommare for alle å vere på banen.


Kristian, Olav, Jardar og Simer på gutar 7år.


Thomas, Daniel, Andreas, Aleksander og Vegard på gutar 10år.


Alva og Linn Kristin på jenter 9år.


Katrine, Mathea og Benedicte på jenter 9år.


Ingeborg, Linnea, Magnhild og Demi på jenter 7år.


Jardar, Mathias, Aydan, Thomas og Simer på gutar 8år.


Linnea, Demi og Emilie på jenter 7år.


Signe, Victoria og Arhet på jenter 9år.


Henrik, Håvard, Sivert, Kristian, Peder og Viljar på gutar 10år.


Kristian, Peder, Viljar og Sivert på gutar 10år.


Rikke, Andrea, Julia, Brita og Mari på jenter 6år.


Julia, Andrea, Anastacia og Brita på jenter 6år.


Malene og Lieke på jenter 9år.

(Sist oppdatert 15.mai 2014, 20:55)

Gå til nyhendearkiv