Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_70ef_22.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

E39 avgjort:

Indre linje og Kvivsvegen

Av Fjordingen

Den framtidige E39 skal gå frå Byrkjelo i tunnel under Utvikfjellet, krysse Nordfjord med bru og vidare følgje Kvivsvegen til Volda. Det har regjeringa avgjort.

Saka skulle bli offentleggjort klokka seks tysdag morgon, men har kome ut gjennom Aftenposten si tysdagsutgåve som allereie er sendt ut som e-avis. Her er det statsminister Erna Solberg som fortel om regjeringa si avgjerd. Solberg seier til Aftenposten at Kvivsvegen vann fordi den er rimelegare og ikkje minst fordi staten allereie har brukt betydelege summar her.

Les saka på www.fjordingen.no eller www.aftenposten.no

Regjeringa har bestemt seg - her skal E39 gå gjennom Nordfjord

Av NRK Sogn og Fjordane

Regjeringa har bestemt at E39 skal krysse Nordfjorden med bru ved Svarstad i Stryn.

Dermed har regjeringa altså valt indre linje som inneber at E39 skal gå i tunnel under Utvikfjellet, før vegen kryssar Nordfjorden via ei hengebru ved Svarstad i Stryn, før den vert kopla på Kvivsvegen på nordsida.

Les heile saka på www.nrk.no/sf


(Sist oppdatert 10.juni 2014, 00:26)

Gå til nyhendearkiv