Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Vikanenett tar tak

Vikanenett - 6år den 20.mars

Av Harald Røyrvik

Vikanenett tar tak for å kunne levere ut informasjonen raskare. I den samanheng har ein no endra adressa til vikanenett@gmail.com.

Vikanenett blir 6år den 20.mars og ein ønskjer å forbetre og modernisere nettstaden, slik at dei som er intresserte i Innvik og Utvik kan følge med på kva som skjer her.

Vikanenett må over i ny drakt, men dette ser ut for å dra ut i tid. For å kunne gjere mest mulig ut av det ein har i dag, har ein valgt å setje inn litt meir personalresursar. I den samanheng har Morten Hilde og Terje Raftevold sagt seg villige til å vere med for å gje Vikanenett det løftet vi trur den treng for å holde på lesarane inn i framtida.

I den samanheng er det oppretta ei ny epostadresse som alle som ønskjer å formidle noko i Innvik eller Utvik kan benytte. Denne adressa er vikanenett@gmail.com.


(Sist oppdatert 04.mars 2015, 12:51)

Gå til nyhendearkiv