Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Kart og kompasskurs + BasisBall på Utvikfjellet

Av Unni Verlo

Fredag den 4. september kan du vere med på både BasisBall og kurs i bruken av kart og kompass på Utvikfjellet. Dersom du kun vil vere med på den eine aktiviteten og ikkje den andre er også det fullt mogeleg.

BasisBall-økta startar kl. 17.00, oppmøte ved Fjellstova. Vi låner programmet som Studio Basis brukte på Rakssætra tidlegare i sommar, dette blir kjekt!

Kart og kompasskurset startar kl. 18.00, oppmøte ved Fjellstova. Formål med kurset er å lære og bruke kart og kompass, samt lære seg å ta seg fram i fjellet dersom skodda kjem. Instruktørar er Jannice Felde og Vidar Eide. Arrangør er Trimgruppa i Vikane IL i samarbeid med bedriftsidrettslaget på TINE Meieriet Byrkjelo, det er også mogeleg at Breimsbygda IL deltek. Kurset er gratis.
Dersom du vil vere med må du melde deg på til enten Gunn-Bente på tlf. 991 56 479 eller Unni Verlo tlf. 930 42 744. Skriv kva slags aktivitet du vil delta på. Vel møtt!


(Sist oppdatert 01.september 2015, 12:16)

Gå til nyhendearkiv