Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Fjellfestivalen på Gjendebu

Fjellfestivalen på Gjendebu 3. og 4. juli

Av Arnt Bøe

Fjellfestivalen på Gjendebu vart ein kjempesuksess.

Med strålande sol og god temperatur var ramma lagt for ei spesiell helg midt inne i Jotunheimen. Der var blåsekvintett med gjesteartist, stort countrypunk-band og sopran m/ gitar. Det var konsertar både ute og inne omtrent døgnet rundt heile helga, som skapte ei fantastisk stemning.

Vi som gjekk på fjelltur på laurdag fekk oppleve blues-konsert på toppen av Gjendetunga 1500 m.o.h..

Vertskapet på Gjendebu hadde lagt alt til rette for at gjestenes skulle få ein fin musikk – og matopplevelse , og det såg ut til at både musikarar, vertskap og tilsette kosa seg like mykje som gjestene.

Foto av Steinar Frøholm og Arnt Bøe
Anton Ruud & The Wrong Way HomeAnton Ruud &The Wrong Way Home
GjendebuFannaråken Blåsekvintett
Folk kosa seg i solaFannaråken  og Susanne Lundeng













(Sist oppdatert 31.august 2009, 21:38)

Gå til nyhendearkiv