Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Nyhende

Kurs i bruk av PC for litt vidarekomne.

Av Randi Bjørseth

Studieleiar i Landslaget for Offentlege Pensjonistar Randi Bjørseth inviterer til kurs i bruk av PC.


Kurset startar 14. januar kl 15.30. Det vert halde på Innvik skule, og lærar er Arnt Inge Verlo. Det går over 6 gonger og er på 12 timar tilsaman. Kursprisen er 300 kr.

Mange av dei som gjekk det første kurset, har meldt seg på dette.


Det vert planlagt nytt kurs for nybyrjarar anten i Innvik eller Olden, eller kanskje begge stader dersom det er stor nok interesse.
Er du interessert, får du meir informasjon ved å vende deg til Randi Bjørseth (studieleiar i Landslaget for Offentlege Pensjonistar, LOP) telf 913 34 086 eller 57 87 42 49.


(Sist oppdatert 22.desember 2009, 21:19)

Gå til nyhendearkiv