Innvik

Vikanenett

Innvik - Utvik

Vikane Blandakor - Nyhende

VIKANE BLANDAKOR SØKER NYE MANNEBEIN

Av Vikane Blandakor

Vikane Blandakor er på utkikk etter fleire syngande menn!

Vi er ein flott gjeng som samlast kvar mandag på Vikane Skule i Innvik for å tralle litt! Vi består per i dag av sopranar, altar, tenorar, bassar og vår flotte dirigent Leszek Wolczek.
Innvik, Utvik, Tistham og sågar Stryn er representerte i dette koret vår. Men i det siste har det blitt litt tynt på herrefronten. Vi skulle så gjerne hatt litt fleire sangarar, både i tenor og bass. Vi tar sjølvsagt gjerne imot fleire kvinnelige medlemmer òg, men håpar at nåken herremenn føler seg kalla til å bli med oss.

Vi høyrer stadig vekk om folk som kunne tenkt seg å synge, men som ikkje heilt vågar å stille på fordi dei "ikkje har god nok stemme". Poenget med å synge i kor er å synge ilag med andre i den stemma som passar ein , og syng såleis unisont. Vi er ikkje ein gjeng solistar men ein gjeng koristar. Stemme, styrke, klarhet og alder...ja, hos oss er det variasjon og plass til ALLE! : )

Vi har eit variert repetoar som vi prøvar å fornye frå år til år. Sjølvsagt har vi nåken gjengangarar som seg hør og bør, men er alltid open for forslag. Vi syng i bryllup og gravferder, på omsorgssenteret og i kyrkja, korkaféar og kulturnetter, reiser på songarstemner og utenlandsturar og vi blir inviterte til ulike arrangement samt arrangerar eigne tilstelningar.

Vi søker altså etter folk i desse flotte bygdene våre, som likar å synge i dusjen, i bilen, på jobben, i heimen eller kor som helst og som kunne tenkt seg å sjekke ut ei korøving hos oss!
Kanskje det er nettopp DU? Eller kanskje det er nåken du kjenner? No er tida for å bli med!

Vi startar oppatt mandag 26.august klokka 19.45 på Vikane Skule i Innvik.
Still opp der, eller ta kontakt med eit av våre medlemmar om ein ikkje har lyst å stille på åleine eller treng skyss.
Ein kan òg ta kontakt pr mail vikaneblandakor@gmail.com eller direkte med korleiar Bente Osnes på 95 18 44 16


Då håpar vi at vi kan starte hausten med nye kormedlemmar!
(Sist oppdatert 15.august 2013, 00:02)

Gå til nyhendearkiv